Home

EIRIK

Recent Entries

You are viewing the most recent 20 entries

May 9th, 2008

06:44 pm: i was looking for a job and then i found a job and heaven knows i'm miserable now
eg har eksamen for tida, og det er litt av eit pes. sist veke hadde eg del ein av engelsken samt historie- og matteeksamenar, medan neste veke byr på del 2 av engelsk, biologi og tysk. tjohei! det heile rundar me av med norsk den 21. og 22., så er det over og ut med vgs for min del. det skal verta fint.

April 30th, 2008

01:32 am: god bows down to math








me lagar forteiknsliner og finn løysingane:



April 26th, 2008

04:08 pm: but how long can you search for what's not lost?
eg sit og ser på ei videooverføring frå landmøtet til høgre, eit parti på den blåe sida. dei vil vedta ei fråsegn om fråfall i skulen. mannen som sit på ordstyrarbenken pratar eit dialektfarga bokmål og har ei klubbe det står «H» på. ei arrogant jente frå unge høgre kjem med eit endringsframlegg som går på uvesentleg semantikk. ein mann med underleg hår og raud dressjakke tykkjer framlegget er «litt i sosialdemokratisk ånd» og vil leggja til eit nytt kulepunkt som går ut på å løna flinke elevar. folk klappar! dette likar høgre! ein mann i svart dressjakke saknar estetiske fag i skulen, og verkar forferdeleg indignert over den manglande evna møtelyden har til å oppfatta og forstå tankane hans om høgreskulen. ordstyraren brukar simple hersketeknikkar og framstår som litt teit. landsmøtet i høgre 2008 ler og klappar!

there is no society, only individuals and families.

eg har òg vore på landsmøte i helga, men ikkje i høgre. eg dukkar opp på noregs mållag sitt landsmøte og fann ut at eg ikkje var utsending likevel. eg vart litt skuffa. eg fekk ikkje eingong talerett! men det viste seg at noregs mållag berre held på med keisame saker i år. så eg prioriterer historie framfor dei denne helga.

April 20th, 2008

11:59 pm: blue eyes blazin', and he's going to be my wife
i dag heldt matteeventyret fram. eg gjorde meg ferdig med kapittelet om vektorar, og kasta meg over neste emne: briggske logaritmar. det gjekk temmeleg greitt, men eg sleit litt med denne oppgåva:

Photobucket

Photobucket

men eg trur eg fekk det til til slutt. etter dette skal eg til med meir vektorrekning! dessutan har eg lese om hjarta og korleis kroppen kjempar mot sjukdom. ein produktiv dag.

Current Music: If You Don't Cry-The Magnetic Fields-69 Love Songs, Vol. 2
12:07 am: a very old friend came by today -- he was telling everyone in town of the love that he'd just found
eg er i bjerkreim og reknar på vektorar. det er nokre underlege linestykke som ser ut som piler, og som du kan leggja saman og trekkja frå einannan slik du vil. veldig artig.

Photobucket

Current Music: If You Don't Cry-The Magnetic Fields-69 Love Songs, Vol. 2

April 17th, 2008

05:23 pm: who'd you need to know?
i dag vart eg ferdig på skulen tidleg, så eg gjekk til byen for å sjå om det gjekk an å finna på noko interessant der. det gjorde det i grunn ikkje, særleg ikkje no som cemje ikkje opnar før klokka seks om ettermiddagen. men eg møtte eric og solveig som skulle på kult.-kafeen for å kjøpa overprisa mat, og er det noko eg likar, så må det jo vera det.

Photobucket

så eg sette meg ned med dei. det var ikkje veldig spanande det heller, men etter eit kvarter eller så fortalde solveig at ho skulle til «bruktbua» på storhaug og kjøpa ein dvd. høvet til å gå til storhaug utan noko anna mål og med kunne eg naturlegvis ikkje slå frå meg, så eg dilta etter.

Photobucket

det er slik ein flott bydel, særleg når det er så fint vêr som det er i dag. etter at ho hadde gått, kjøpte eg meg steikte grønsaker i karrisaus frå thaimat-bula på den andre sida av gata og gjekk opp og sette meg ved eit bord like ved hetland kyrkje. det var fint. eg prøvde å gjera kji-kvadrat-testen på skilnaden i energibehov mellom menn og kvinner, men det gjekk ikkje så godt. eg trur eg rekna litt feil. men det er jammen ein fin dag i dag.

Photobucket

Current Music: If You Don't Cry-The Magnetic Fields-69 Love Songs, Vol. 2

April 16th, 2008

04:06 pm: i neglect my duties; i'll be in trouble
det er ein viss kongruens mellom tittelen og innhaldet denne gongen. av ein eller annan grunn er svevnrytmen min grundig opp-føkk'd etter sist helg, og eg får meg berre ikkje opp om morgonane. men eg trur ikkje eg hadde lært så mykje på skulen uansett, det er for det meste repetisjon og slikt. eg les bio og matte heime, eg, og det har eg gjort så mykje av at det har byrja å verta moro. er det dette dei kallar stockholm-syndromet, eller er eg i ferd med å verta ein realfagsperson? i dunno. uansett vil eg dela nokre bilete eg har knipsa i det siste:

Photobucket
seint ute? sentralen på forus tek imot post fram til klokka seks

Photobucket
variansen for den kontinuerlege stokastiske variabelen X

Photobucket
stavanger antikvariat

Photobucket
ei «boble»

Photobucket
problemer.

Photobucket
dersom alt berre kunne vera så enkelt

April 7th, 2008

09:02 pm: merknad
mobilen min fungerer ikkje lenger -- kontakt meg på e-post eirik krøllalfa nynorsk punktum no dersom det skulle vera noko. glad i dykk!

Current Music: If You Don't Cry-The Magnetic Fields-69 Love Songs, Vol. 2

March 24th, 2008

09:50 pm: for there are brighter sides to life
i dag kom eg attende til stavanger. eg er glad for denne utviklinga, sjølv om det var veldig okay å vera litt hjå far òg. nesten med det same, eller i alle fall ikkje lenge etter eg kom tilbake, vart eg nærmast kasta ut på nye eventyr: eg pakka saman tinga eg trong, gjekk ned til byen, tråla nokre kioskar før eg fann ein som selde film (ja, slik som ein brukar i store, klumpete og gamle kamera, for det er eit slikt eg brukar), og sette kursen mot badedammen, men før eg visste ordet av det, dukka ein kjenning opp. i ein bil! han parkerte ikkje langt unna der eg gjekk, me møttest, drøsa litt, og han fann ut at han òg ville slutta seg til fotoprosjektet, av di han heller ikkje hadde noko betre å ta seg til. han var imidlertid ikkje samd i at badedammen var nokon særleg interessant stad å avfotografera, og sjølv etter at eg hadde forklart han at målet med prosjektet var å finna «det fine i det keisame» (sic), heldt han stø kurs mot storhaug. me tok bilete i skippergata. me køyrde rundt litt rundt skulen som, dersom han hadde rett, hyser hetland vgs for augneblinken (og om lag like horribel som sjølve hetland vgs såg denne bygningen vitterleg ut!), tok eit bilete av to tvillinggutar på rundt 6-7 «fordi dei ser jo prikk like ut!», noko som vart møtt med eit noko oppgjeve blikk frå mora, som stod like i nærleiken, før me krúsa inn mot våland, der kameraten visstnok heldt til. han gjekk inn til seg sjølv. han kom ut med to boksar «red bull» og gav meg ein. eg takka ja og drakk. etter dette sette me kursen inn mot byen, der me åt kylling i karrisaus, kjøpt på kinarestaurant, på parkeringsplassen utanfor oljemuseet. me prøvde å rekna ut kor mykje det må ha kosta å skjera laus og frakta plattformbiten som står der frå norsk sokkel til stavanger by. eg kommenterte at smaken på kyllingen faktisk likna meir på smaken av pølse, noko som vart avvist som for kritisk av sjåføren: «det kosta trass alt berre 55 kr!» dette hadde han rett i. me filosoferte litt over kva meininga eigentleg er med påskeegg, kvifor og på kva måte egget symboliserer livet, og kvifor det i så fall ikkje like så godt kan vera påskeembryo. det framkalla ein nærmast overdriven krampelatter hjå begge. kanskje dette snakket om dei varaste, mest sårbare formene for liv vekkjer angesten for å døy, og alt me kan gjera for å dølja han er å le?

it just wasn't like the old days anymore

no les eg biologi, og gler meg litt til skuleveka tek til. eg gler meg til eksamen, slik at eg kan verta ferdig med dette og alle dei andre faga. og eg gler meg til å dra til voss til helga og delta på landsmøtet til nmu.

Current Music: Uh-Oh, Love Comes To Town-Talking Heads-Talking Heads: 77 [Bonus Tracks]

March 17th, 2008

12:22 am: does the body rule the mind or does the mind rule the body?
i dag stod eg opp rett før klokka tolv, slappa litt av før eg vart oppringd av far, som lurte på om eg ville ha besøk, og det svarte eg naturlegvis ja på. eg gjer som oftast det. etter ein god time dukka dei opp, og me bestemde oss for å gå på «fotosafari» i det fine vêret. det gjekk ikkje lenge før me fann ut at området i umiddelbar radius kring tanke svilandsgate 42 ikkje tek seg særleg bra ut som fotokunstverk, og fann me ut at det sikkert hadde meir føre seg å sosa rundt på storhaug. derifrå utvikla turprosjektet seg til eit forsøk på å finna hetland vgs ute på mariero, noko som viste seg å vera om lag like krevjande som det var gjevande. det var ein oppsiktsvekkjande lite pen bygning omgjeven av like stygge bustadhus, ein svær og industrielt utsjåande helgø-butikk og diverse forretningar på andre sida av vegen. me vart samde om å leggja skulda for stakkatoarkitekturen på leif johan sevland og resten av høgre.

funnet krona me med eit måltid på patrioten bistro, ei bule som må kunna seiast å stå i ein slags kontrast til stader eg frekventerer oftare. men det var greitt nok, det. eg las litt i vg-magasinet for å føla på korleis det må vera å vera ein av dei. eg kjende meg tom og framand, åt opp laksefileten min, og føreslo at me skulle koma oss vidare.

deretter køyrde me tilbake til storhaug, der det fall far inn at me kunne ta oss ein tur oppom paradis og kika på staden me budde for lenge sidan. bror min, som av naturlege årsaker ikkje visste stort om denne staden, stilte seg særs positiv til dette forslaget, og opp byggefelta steig me i samla flokk, akkompagnert av den nærast rituelt lydande setninga «er dette huset?» frå same person. eg veit ikkje om han lét seg imponera synderleg av denne biten fortid, men det var kanskje ikkje så rart heller. det såg ut slik det alltid hadde gjort. etterpå heldt me fram opp stigane og gatene og kom til ein nærbutikk på eitt av hjørna der oppe, der me stakk innom, kjøpte druer og is og lét far slå av ein prat med ho som åtte butikken om korleis alt endrar seg og kor bra det er at det framleis finst slike butikkar. kanskje han gjer seg klar til å verta gamal.

etterpå køyrde me rundt litt på tasta, ut til randaberg og attende att før dei sette meg av og køyrde tilbake. det var ein fin tur. kvar gong eg av ulike grunnar føretek slike turar vert eg like forbløffa over kor fint det eigentleg er her i byen, til og med, eller kanskje særleg, dei områda som folk reknar for «dårlege» eller «stygge», og det er jo underleg. eg trur eg skal gjera det til mitt påskeferieprosjekt å sosa rundt og ta bilete av desse stadene. eg har jo ingenting anna å ta meg til. eg trur dette er ein god plan.

March 14th, 2008

10:04 pm: i think i'm gonna be sad
eg har det i grunn betre enn det kjennest, og det er vel bra. eg er saman med eva for tida, og det er jo litt av eit eventyr. eg har ynskt meg bort og vekk og slikt tidlegare, men no når eg fyrst har det bra og eg tek til å finna meg til rettes og alt det der, er det plutseleg dags att resa herifrån. og det er jo paradoksalt på sett og vis, og sett bort frå det teoretiske har eg vel gjerne ikkje så lyst til å dra heller. men eg veit ikkje. eg kan ikkje verta her for alltid heller, kan eg? eg veit ikkje. det er i alle fall nok ikkje det eg burde gjera i så fall. eg er litt melankolsk andsynes alt dette her.

eksamenane mine er i ferd med å finna stad og verta liggjande bak meg, og det går så det susar. engelskeksamenen hadde eg i veke seks, og den gjekk greitt nok; tysk og norsk hadde eg på beziehungsweise onsdag og i dag, og det gjekk veldig bra etter lærarane mine å døma. så då gjenstår det berre å vona og jobba for at dei skriftlege vert så gode som mogeleg.

og så har eg forkasta den andre samordna opptak-lista eg hadde og bytt henne ut med denne. det er veldig annleis, og det finst sikkert sume som kjem til å reagera med sjokk og vantru, men det får så vera:

1 -- økonomi og administrasjon ved noregs handelshøgskule (sic)
2 -- årsstudium i psykologi ved universitetet i bergen
3 -- litteraturstudium ved uib
4 -- profesjonsstudiet i psykologi ved universitetet i oslo
5 -- politisk økonomi ved uib
6 -- språk ved uio
7 -- litteraturstudium ved uio
8 -- it -- språk, logikk, psykologi ved uio
9 -- rettsvitskap ved uib
10 -- rettsvitskap ved uio

kvifor så mykje bergen? lurer de kanskje. det kjem mest av at eg har mest lyst til å dra dit for tida. alt i alt kjennest det som eg er midt oppi ein persolegdomskrise, eller, om ikkje det, så i alle fall, eller kanskje «i alle fall» er feil uttrykk, for eg veit ikkje om det eigentleg er betre eller verre: ei slags personlegdomsendring. ting som har vore viktige for meg før er plutseleg ikkje så viktige for meg lenger, medan eg er i ferd med å ta val som ikkje liknar på noko eg har gjort før. og kanskje eg kjem til å finna ut at eg ikkje burde ha gjort det om nokre år, eller kanskje ikkje, men alt er no i alle fall ei litt irriterande hengemyr for tida. det er så mange val å ta. og det er så mykje å tenkja på. og eg er så lei av å kjennast så tom heile tida, kvifor er det slik?

Current Music: The Great Curve-Talking Heads-Remain In Light [Bonus Tracks]

March 6th, 2008

11:07 pm: objects are simple
eg har kjøpt fleire bøker. eg ser føre meg at den kjensgjerninga det er at antikvariatet ligg perfekt til på vegen mellom bustaden min og byen kjem til å resultera i mange fleire innkjøp i tida som kjem. og det er det jo i grunn ingenting i vegen med. i dag fall eg for desse:

ludwig wittgenstein -- tractatus logico-philosophicus (på engelsk med føreord av bertrand russell)
mange forfattarar -- fundamental problems in philosophy
thomas bernhard --in der höhe. rettungsversuch, unsinn

då eg opna sistnemnde bok, vart eg litt perpleks då eg såg at det, med litt små og blå kulepennbokstavar, stod «tore renberg» øvst i høgre hjørnet på ei av dei fyrste sidene. eg skal ikkje påstå at eg er nokon utmerkt fan av tore renberg, og stiller meg alt i alt temmeleg likesæl til heile mannen, men det var jo litt underleg likevel. eg har fylgjande teoriar om denne hendinga:

1) tore renberg har aldri ått denne boka -- nokon andre har skrive «tore renberg» der slik at den neste eigaren, dvs. eg, skulle få noko å lura på.

2) tore renberg har ått denne boka -- men etter ei stund fann han ut at boka ikkje var særleg moro, og dessutan trong han pengar.

3) tore renberg har ått denne boka -- men etter ei stund fann han ut at boka ikkje var særleg moro, og dessutan heldt han på å gå opp for ledig plass i hyllene sine.

4) tore renberg har ått denne boka -- men etter femten sider gjekk det opp for han kor lite tysk han eigentleg kunne, og i skam og vanære gjekk han til antikvariatet og selde boka i staden for å gjera noko for å bøta på den situasjonen.

dette er alt eg har å seia om den saka.

elles hadde me skulering av elevmållaget og columbia-aksjon med alle sosialistane i dag. ein vellukka dag. would buy again.

March 3rd, 2008

07:37 pm: friheten til det evig samme / redselen for et dypere liv
i morgon kulminerer dette boklesingsprosjektet mitt i framføringa, som skal føregå føre ein fullsett klasse klokka åtte. eg sit her på cemje og trippar, ikkje fordi eg trur det kjem til å gå dårleg, for det veit eg at det ikkje kjem til å gjera, men fordi det er så mykje eg nesten kjenner at eg må få sagt. det er fyrste gong på ei stund eg har lese ei bok og kjent at innhaldet tyder noko, at forfattaren seier noko som faktisk gjeld oss.

elles har eg akkurat lese ut max horkheimer og theodor adorno sin kulturindustrien, og det var litt av ei oppleving, for det er ikkje kvar dag ein sit og les noko som for kvar side får deg til å nikka og erkjenna at ja, det er akkurat slik det er, imperativt, og for å setja prikken over ein angstfylt og pessimistisk i kva situasjonen her i denne underlege verda vår vedkjem, har dei eit enormt «kulturarrangement» nede i byen som har kvart og eitt av kjenneteikna pÃ¥ «kulturindustrien» som adorno målar fram i pamfletten sin. og det er rart, samstundes som det er godt å vita at det er nokon som kan setja peikefingeren på ei kjensgjerning òg i dag:

kulturindustriens produkter kan gjøre regning med å bli påpasselig konsumert selv i distraksjon. men hvert eneste ett av dem er en modell av det økonomiske kjempemaskineri som fra første stund holder alle i ånde, i arbeidet og i fritiden, som ligner det. av en hvilken som helst film eller radiosending kan man trekke ut det som ikke er å tilskrive noen enkelt, men den samlede virkning av dem alle i samfunnet. uvegerlig reproduserer hver av kulturindustriens manifestasjoner menneskene som dét den i sin helhet har gjort dem til.

til sist har eg ei gåte, som eg vil crowdsource-a til dykk sidan eg ikkje har tid til å finna løysinga sjølv, og den lyder som fylgjer:

kvifor i all verda har mobil, no kjend som exxonmobil, av alle vondsinna, fleirnasjonale megakorporasjonar ein kunne tenkja seg, teke på seg å finansiera utgjevinga av denne boka, som i all essens motseier alt dette selskapet står for?

February 24th, 2008

10:53 pm: i can feel the earth begin to move
!

February 23rd, 2008

06:50 pm: mise en abyme
i dag kom mor og bror på besøk att. me høyrde på help! medan me rydda og vaska og generelt gjorde huset i stand til å forlatast. etterpå tok eg til å lesa meir i/om uranophilia, og det er skikkeleg fascinerande. eg fann fram vinduet 4/06 og las trond haugens artikkel «myrbråtens (u)mulige drøm», og det nørte opp noko i meg. eg gler meg til å vera ferdig med dette heilt ut meiningslause vgs-tilværet der eg ikkje gjer noko meiningsfylt, medan ingenting meiningsfylt gjer meg og alt er så pinleg trivielt. kanskje kan eg gjera noko viktig, tenkte eg der eg sat og las, som det trond haugen, eller lund, eller nokon heilt andre på eit heilt anna fagfelt gjer. det trur eg eg kunne trivast med. men ikkje dette. eg vil vekk. eg vil bort. møt meg, møt meg, møt meg.

p. s.: nytt syn og segn i posten, hurra!

February 22nd, 2008

08:20 pm: illustrert & annotert gaid til eiriks framtid / ein keisam dag
eg har vore inne på samordnaopptak.no og ordna universitetssøknaden min. det var forbløffande enkelt og rettframt, så eg går ut ifrå at eg har gått glipp av noko viktig som i ytste konsekvens kjem til å syrgja for at eg ikkje har noko å gå til neste år. men hey! den tid, den sorg, som økonomiavdelinga i nmu plar seia. slik ser lista mi ut:

1. 185941 UiO Psykologi profesjon, start høst

som de kanskje veit, er det heilt latterleg høge opptakskrav til dette studiet. men det er sannsynlegvis ein tøff & kul ting å ta seg til når ein fyrst er komen inn, og det skadar då ingen å ha det der. sånn i tilfelle. etc. etc. was kann ich sagen?

froid.

2. 185724 UiO Rettsvitenskap (jus), start høst

jess. kvifor? og på den andre sida: kvifor ikkje? rettsvitskap høyrest kanskje ikkje heilt ut som tingen for meg. og etter alt å døma, er det sannsynlegvis ikkje det heller. men det er definitivt noko å leva av, i motsetnad til alle dei interessante, men idealistiske faga det går an å ta. dessutan er dette òg latterleg vanskeleg å koma inn på, så de treng sannsynlegvis ikkje gå rundt og frykta at eg skal verta lovleg.

korleis drep du eigentleg ei hermekråke?

3. 185455 UiO Språk

dette tilrådde jarle fagerheim meg å ta, og det gjorde han sikkert ikkje dumt i. eg har vore inne på sida deira og undersøkt saka nærare, og det ser ut til at eg står relativt fritt til å velja omtrent kva emne eg vil så lenge det er innanfor språkvitskapen. og så får eg examen philosophicum og lingvistikkvarianten av examen facultatum. det er sikkert kjempemoro.

innstilt på kjærleik frå topp til tå.

4. 185479 UiO Filosofi

ach ja. på denne måten kan eg òg verta margit ims!

vitt-genn-schtain.

5. 185481 UiO Historie

kvifor? eg veit ikkje heilt. men det er kanskje interessant. og:

eg kjem frå HISTORIA.

6. 185837 UiO IT - språk, logikk, psykologi

dette høyrest temmeleg sært ut. og temmeleg sære ting er ofte temmeleg kule. litt som norsk målungdom.

won't take my eyes off the ball again.

7. 185698 UiO Samfunnsøkonomi

ein variant av nr. 4.

siger'n veit me at me får.

8. 185615 UiO Allmenn litteraturvitenskap

dette er ei årseining, og dessutan er det eit imponerande høgt tal som krevst for å koma inn der. og eg har ikkje særleg lyst heller. men hey, eg vil ha ti studium på lista mi koste kva det koste vil!

punctured bicycle on a hillside desolate.

9. 185690 UiO Tysk

kvifor ikkje? og eg er garantert å koma inn om lag uansett kva som skjer.

will nature make a man of me yet?

10. 185829 UiO Informatikk, distribuerte systemer og nettverk

dette er ein av få variantar av «informatikk, etc. og etc.»-faga som faktisk er så etterspurt at uio ikkje gjev alle studentane som søkjer seg inn på det plass heilt utan vidare. og det trur eg er bra. eg vil jo ikkje studera med folk som likar dream theater.

won't take my eyes off the ball again.

---

i dag har eg ikkje gjort stort. eg stod opp. eg laga meg kaffi. eg heldt på vidare med uranophilia, og så oppsøkte eg bror på cemje. så gjekk me til tou scene, der han organiserte cd-ar medan eg drakk øl. og no er eg heime att. hurra for at eg er like heil, og at eg bur i verdas rikaste land.

11:06 am: let me have it - let me grab your soul away
i natt drøymde eg at jenta eg vil ha og eg gjekk ein tur ein eller annan stad i stvngr. det var mørkt og vinden bles, og plutseleg enda det heile med at me omfemna kvarandre og vart samde om at «[eg] vil ha [deg]». kvifor kan det ikkje vera slik heile tida, tenkte eg då eg stod opp. godt spørsmål.

01:27 am: behind the hatred there lies a murderous desire for love
ugh.

i går var eg på konsert slæsj konkurranse på folken med kjetil og ein del andre som kom og gjekk. etter at «johnny hancocks» hadde spela, vart det skipa til «nachspiel» hjå kjærasten til ein av karane i nemnde orkester, og av ein eller annan grunn eg ikkje skal påstå at eg veit kva er, vart eg med dit. der drakk me alkoholhaldige drikkar av ulike slag, diskuterte korleis privat helsestell og skulevesen vil eller ikkje vil øydeleggja for dei offentlege motstykka, opplevde at ei ravande full jente oppførte seg noko underleg,

formel for t-test
fig. 1 -- ved hjelp av statistiske formlar, som til dømes Gossets t-prøve, som de ser ovanfor, vert det lettare å avgjera om det finst ein kausal samanheng mellom to variablar

høyrde på høg musikk, stal mat og heldt kvarandre vakne til klokka seks om morgonen. så tok eg bussen heim og la meg.

underleg nok klarte eg ikkje å stå opp att til timen min på helsesenteret for ungdom klokka tolv, og vart liggjande til kvart på fire. eg kjende meg frykteleg utkvilt då eg stod opp, men vart etter kvart klår over at eg heldt på å keia meg i hel. så eg dusja, tok på meg klede, tok med meg ei bok og ei skriveblokk og gjekk på cemje. der sette eg meg til å drikka kaffi, vekselvis lesa i boka

uranophilia

og ta notat og diskutera amerikansk utanrikspolitikk, krigføring under fyrste verdskrig og generelt elende med dei andre som var der. det var litt gjevande. sidan eg reknar med at det ikkje er mange som er interesserte i å få vita kva eg noterte meg om boka, kan de heller få eit utdrag eg tykkjer er fint:

ved å ha støtte fra staten, gjennom trygdeordninger og billig kommunal bolig, og med en årelang svartelisting i alle kredittbyråer og banker, er det først nå mulig å leve et nøkternt liv, der et større og mer alminnelig forbruk er umulig. først nå kan jeg leve det fyldige, men uproblematiske livet jeg en gang drømte om. samfunnet, det vil si de som «kjenner» meg, forventer ingenting av meg. møter jeg en og annen myndighetsperson, merker jeg denne manglende forventning. de ser at jeg er dødsen. de veit at jeg ikke har noen framtid, det vil si, de ser at det ikke kan bli annerledes. hos meg er framtid og nåtidslivet helt ut identiske. det eneste som kan skje er at jeg kan komme på en eller annen institusjon, eller dø. men eg er frisk, er sekstito år, og har mange år igjen å leve, leve på denne fullstendig allmenne måten, denne måten som ikke gavner noe eller noen, som ikke gleder noen, som ingen tjener noe på, som ingen har noen interesse av å forstå. det er en sterk nytelse å være en slik dødens mann, en som for alvor har utradert seg selv fra samfunnet. om morgenen, når jeg går mine runder rundt kvartalene, her oppe på rodeløkka, i oslo, før rimibutikken åpner, er jeg en gjennomført dødens mann.

de lurer kanskje på kvifor eg tek notat om ei slik bok? det er fordi eg skal halda eit føredrag om henne i norsken i veke ni. og det er jo ikkje så lenge til.

February 19th, 2008

08:30 pm: think i'll pack it in and buy a pickup
eg er i bjerkreim. og veit du kva: denne opplevinga er ikkje fylt av fart og spenning. eg gler meg litt til å koma heim.

February 14th, 2008

01:03 pm: a war that must be won in the name of truth
i kveld, klokka ti på halv elleve, for dei som måtte ynskja å vera avskilskomité, tek eg nattoget til oslo for å gå på lst-møte. eg gler meg! altfor lenge sidan sist. håpar på bra oppmøte, god kaffi og interessant sakliste. når eg kjem attende, skal eg vera litt i bjerkreim, og så pakka sakene mine og flytta (men ikkje så langt). det gler eg meg òg til.

Powered by LiveJournal.com